Gå til hovedinnhold Gå til søk

Tørrbakte rotgrønsaker

Rotgrønsakene er heilt perfekt å bake i omnen - da får dei ei herleg sødme. Passar spesielt godt til viltkjøtt, som har mykje syrlighet, men er også godt å servere til det meste av kjøtt og fisk.

Foto: Mette Møller

Visste du at rotgrønsaker kan brukast til det aller meste? Koke, steikje, bake, glasere, som puré, stuing og i supper – det er berre fantasien som set grenser!

Flere oppskrifter med rotgrønsaker finn du på min instagram og her:

Du treng

  • 4 gulrøt
  • 2-3 persillerøt
  • 2-3 beter. Fint med ulike
  • 3-4 jordskokker
  • 2-3 lauk
  • Smør
  • Salt
  • Olivenolje
  • Graslauk

Slik gjer du

  1.  Vask og børst grønsakene. La gulrøtene vere heile. Del dei andre i to. La skalet sitte på lauken også.
  2. Bak grønsakene på 180°C rundt til dei er møyre. Tek rundt 40 minutt.
  3. Når grønsakene er ferdig bakte, så vend dei inn i smør og salt medan dei er varme.
  4. Server som dei er, eller kutt grønsakene i passe store bitar, og bland til ein salat. Vend da inn litt god olivenolje. Har du kokte grønsaksrestar etter gårsdagens middag, kan du blande inn desse også.
  5. Denne rette kan serverast både varm og kald. Strø over hakka graslauk eller andre friske urter du likar før servering.