Gå til hovedinnhold Gå til søk

Honningglasert svinenakke med rotgrønnsaker

Dette er ein saftig rett med mykje smak, så saus er ikkje nødvendig. Men grovt kutta rotgrønnsaker bakt i litt olje, salt, pepar og sitron er veldig godt til. Bland gjerne i nokre urter du liker godt!

Foto: Mette Møller

Du treng

  • 1 svinenakke (helst frå ein økologisk frilandsgris)
  • 3 ss dijonsennep
  • 2 ss honning
  • salt og peppar

Slik gjer du

  1. Pensle svinenakken med ei blanding av sennep og honning.
  2. Sett ovnen på 160 °C, og steik til kjernetemperaturen er 66 °C. La kjøttet kvile til temperaturen er 72 °C. Svinekjøtt skal ha den temperaturen.
  3. Server med rotgrønnsaker.