Gå til hovedinnhold Gå til søk

Reinsdyrfilet med sopp, fløytekokte poteter og viltsaus

Reinsdyr har eit jordaktig preg i smaken som er unikt. Det er vårt urdyr. Vær forsiktig med peppar på rein, for det kamuflerer den karakteristiske smaken.

Til seks porsjonar treng du

  • 900g reinskore ytrefilet av rein
  • Smør
  • 2ts salt

Saus

  • 1ss demerarasukker
  • 3ss bringebæreddik
  • 6dl kraft
  • 4dl kremfløyte
  • 3ss smør
  • salt

Fløytekokte, gratinerte poteter

  • 600g skrelte poteter
  • 1 finskore lauk
  • 3dl lauk
  • 3dl mjølk
  • 1ts salt
  • 1/2 ts kvit peppar

Slik gjer du

  1. Brun fileten i smør i varm panne og krydre med litt salt
  2. Sett fileten i steikeomn på 225°C til kjøttet svulmar opp og blir fast. Det tek 5-8 minutt.
  3. La kjøttet kvile på eit kaldt brett i 10 minutt. Rett før servering setter du kjøttet attende i omn i 2-4 minutt. La det så kvile før oppskjæring

Saus

  1. Smelt sukkeret forsiktig i ein kjel, tilsett eddiken og la det koke litt før du heller i kraft og fløyte.
  2. Kok 5-6dl. Pisk så inn 2-3ss kaldt smør og smak eventuelt til med salt.

Fløytekokte, gratinerte poteter

  1. Varm opp steikeomn til 225°C.
  2. Kutt potetane i terningar og ha dei i ein kjel saman med lauk, rømme, mjølk, salt og peppar. La det koke møyrt.
  3. Ha blandinga over i ei eldfast form og sett i steikeomn i rundt 10 minutt, til gratengen får ein gyllen overflate
  4. Server reinsdyrfileten i fine skivar med smørsteikt sopp og saus rundt. Server potetane ved sidan av.