Visste du at rotgrønsaker kan brukast til det aller meste? Koke, steikje, bake, glasere, som puré, stuing og i supper – det er berre fantasien som set grenser!
Flere oppskrifter med rotgrønsaker finn du på min instagram og her:
- Kålrotsupe
- Kålrotstappe
- Gratinert jordskokk
- Reinsdyrfilet med sopp, fløytekokte poteter og viltsaus
- Honningglasert svinenakke med rotgrønnsaker
Du treng
- 4 gulrøt
- 2-3 persillerøt
- 2-3 beter. Fint med ulike
- 3-4 jordskokker
- 2-3 lauk
- Smør
- Salt
- Olivenolje
- Graslauk
Slik gjer du
- Vask og børst grønsakene. La gulrøtene vere heile. Del dei andre i to. La skalet sitte på lauken også.
- Bak grønsakene på 180°C rundt til dei er møyre. Tek rundt 40 minutt.
- Når grønsakene er ferdig bakte, så vend dei inn i smør og salt medan dei er varme.
- Server som dei er, eller kutt grønsakene i passe store bitar, og bland til ein salat. Vend da inn litt god olivenolje. Har du kokte grønsaksrestar etter gårsdagens middag, kan du blande inn desse også.
- Denne rette kan serverast både varm og kald. Strø over hakka graslauk eller andre friske urter du likar før servering.