Gå til hovedinnhold Gå til søk

Klassisk ribbe

Mange ringjer jula inn med juleribba på bordet. Den store utfordringa er alltid å få svoren sprø.

Foto: Mette Møller

Foto: Mette Møller

Du treng

  • 6 kg svineribbe
  • Salt (grovt)
  • Peppar (nykverna)
  • 1 liter vatn

Slik gjer du

3 dagar før steiking:

  1. Veg ribba, rut svoren, og rekn 3 prosent av ribbevekta med grovt salt som du strør på ribba.
  2. Legg så ribba i form med svorsida ned, på kjølerom eller i kjøleskåp. Ei ribbe på 6 kg krev då rundt 180 gram salt.
  3. Fordel litt salt under svoren, og resten oppå. Det skal vera mest salt på toppen.
  4. La ribba stå kjølig i 3 døger.

Steiking:

  1. Puss av alt overflødig salt. Legg i langpanne med svorsida ned og nokre desiliter med vatn. Ha tett aluminiumsfolie over.
  2. Set i steikjeomn på 200 grader i ca. 2 timar.
  3. Ta ribba ut. Snu henne i langpanna. Set ei skål midt under ribba, då vil feitt og væske bli drenert av ribba. Svoren vert ikkje sprø før all væska er ute.
  4. Set ribba inn i omnen att på 180-200 grader i 1-2 timar. Då vil svoren etter kvart tørka og veksa seg sprø.
  5. Ein kan nesten ikkje oversteikje ei ribbe. Det er viktig å steikja så lenge at feittet smeltar.
  6. Om du slit med å få jamn og sprø svor, skrur du opp varmen mot slutten. Då er det viktig å fylgja med slik at svoren ikkje vert brend.
  7. Ta ribba ut og la henne kvila godt før du skjer i henne.

Oppskrift på surkål finn du her.