Gå til hovedinnhold Gå til søk

Surkål

Kok gjerne ein stor kjele med surkål, så har du til fleire middagar i jula.

Foto: Mette Møller

Du treng

  • 2 kålhovud
  • 6 dl vatn
  • 3 dl eddik
  • 3 dl sukker
  • 1 stroken ms karve.

Slik gjer du

  1. Snitt kål i strimlar. Ha kålen over i ein vid kjele og ha på vatn, eddik, sukker og karve. Her er ikkje brukt så mykje karve, så bruk gjerne meir, men det er smak og behag.
  2. La kålen småkoka til han er møyr. Det tek 45-50 minutt. Smak til slik at du får surkålen passe sur/søt.