Gå til hovedinnhold Gå til søk

Kalv med urtesmør

Enrecôte er godt eigna til å heilgrille, fordi marmoreringane i kjøtet gjer at det blir ekstra saftig og godt. Får du ikkje tak i kalv, så kan du bruke ein feit nakkekotelett av svin.

Foto: Mette Møller

Du treng

Kalv

  • 200 g kjøtt per person
  • Olje
  • Salt og svart peppar
  • Urtesmør

Urtesmør

  • 100 g smør
  • 3-4 ss friske hakka urter. For eksempel dill, persille, koriander
  • 1 ss sitronsaft
  • Salt og pepper

Slik gjer du

Kalv

  1. Del kjøttet i 5-6cm store stykker. Eit stykke blir to porsjonar.
  2. Gni kjøttet med olje, salt og peppar.
  3. Grill stykka med flatsida ned i 15 minutt på middels grillvarme.
  4. La kjøttet kvile fem minutt, og grill så på den andre sida i nye 15 minutt.
  5. La kjøttet kvile i 15-20 minutt før du deler stykka i to og serverer med ein god klatt urtesmør på toppen.

Urtesmør

  1. Romtemperer smøret.
  2. Rør smøret mykt og finhakk urtene.
  3. Bland alt godt saman med sitronsaft og eventuelt litt salt og peppar.
  4. Lag ei pølse av smøret og rull det inn i aluminiumsfolie og la det stivne i kjøleskapet.