Gå til hovedinnhold Gå til søk

Sjokolademoussekake 

Ikkje bli skremd av oppskrifta. Dette er ei god og kraftig kake som kan serverast heil, eller i småe bitar.

Bilde av sjokolademoussekake.

Foto: Mette Møller

Du treng

  • 280 g smør
  • 280 g sjokolade
  • 280 g sukker
  • 9 eggeplommar
  • 14 eggekvitar

    Slik gjer du

  1. Smelt smør, sjokolade og sukker i vassbad. Pass på at det ikkje kokar.
    Bland eggeplommane inn i sjokoladeblandinga.
  2. Pisk eggekvitane stive og vend dei inn i moussen.
  3. Smør ei springform med smør og sukker. Ha 2/3 av deigen i forma og steik på 170 grader i 30-35 minutt.
  4. Når kaka er steikt, hell resten av deigen over, og dryss gjerne med kakao. La kaka avkjølast.