Gå til hovedinnhold Gå til søk

Seibiff med løk

Ein god gamaldags fiskerett. Fint å servere med råkost og heimelaga remulade.

Foto: Mette Møller

 Du treng

  • 1 kg seifillet
  • 1 egg
  • 2 ss vatn
  • 3 ss mjøl
  • 1 ts salt
  • 1 ts nymalt pepar
  • 2 vanlege lauk, eller 6-8 sjalottlauk
  • 2 ss smør til steiking

    Slik gjer du

  1. Visp saman egg og vatn i ein bolle. Bland saman mjøl, salt og pepar på ein annan tallerk.
  2. Del seifileten i passe store stykkje, og vend dei i eggeblandinga, så i mjølblandinga. Legg dei så rett i ei varm panne. Steik forsiktig i smør på middels varme i 3-4 minutt på kvar side. Når fiskekjøtet byrjar og svulme opp, er biffane ferdige.
  3. Skjær lauken i tynne skivar, og steik den lengje i smør på svak varme. Steik i alle fall i ein halvtime. Da blir lauken fin.