Gå til hovedinnhold Gå til søk

Mjuk kveite i fiskekremsaus 

Kveite er ein feit og god fisk med mykje smak, og egnar seg å tilberede på ulike måtar. Denne oppskrifta med kveite og fiskekremsaus er beregna 4 porsjonar

Bilde av myk kveite i fiskekremsaus på tallerken.

Foto: Mette Møller

Du treng

Til kveite

  • 600g kveitefilet
  • 1 ss olivenolje
  • 1 klype salt
  • 1 klype svar pepar

Til fiskekremsaus  

  • 3 sjalottlauk
  • 2 dl tørr kvitvin
  • 2 dl fiskekraft
  • 1 dl kremfløyte
  • 100 g smør
  • 1 klype salt
  • 1 klype svar pepar
  • Friske urter

Slik gjer du

Kveite

  1. Del fisken i fine skivar og legg på eit bakebrett. Vend fiskeskivane i olivenolje, salt og pepar.
  2. Steik på låg varme i steikeomn, rundt 60-65 grader, til fisken skivar seg. Avhengig av tjukkelsen på skivene tek dette mellom 10 og 20 minutt.
  3. Server med ein god fiskekremsaus, og pynt med friske urter. Her er det brukt tjørvel.  

Til fiskekremsaus

  1. Finhakk lauken og surr den i ein kjele saman med vin. Reduser til kjelen er omtrent tørr.
  2. Hell så i kraft og fløyte, kok inn på nytt til du har omlag 1,5 dl væske. Sil av lauken.
  3. Pisk inn smøret til slutt, litt etter litt, og smak til med salt og pepar. Friske urtar er også godt i denne sausen.