Du treng
Til kveite
- 600g kveitefilet
- 1 ss olivenolje
- 1 klype salt
- 1 klype svar pepar
Til fiskekremsaus
- 3 sjalottlauk
- 2 dl tørr kvitvin
- 2 dl fiskekraft
- 1 dl kremfløyte
- 100 g smør
- 1 klype salt
- 1 klype svar pepar
- Friske urter
Slik gjer du
Kveite
- Del fisken i fine skivar og legg på eit bakebrett. Vend fiskeskivane i olivenolje, salt og pepar.
- Steik på låg varme i steikeomn, rundt 60-65 grader, til fisken skivar seg. Avhengig av tjukkelsen på skivene tek dette mellom 10 og 20 minutt.
- Server med ein god fiskekremsaus, og pynt med friske urter. Her er det brukt tjørvel.
Til fiskekremsaus
- Finhakk lauken og surr den i ein kjele saman med vin. Reduser til kjelen er omtrent tørr.
- Hell så i kraft og fløyte, kok inn på nytt til du har omlag 1,5 dl væske. Sil av lauken.
- Pisk inn smøret til slutt, litt etter litt, og smak til med salt og pepar. Friske urtar er også godt i denne sausen.