Gå til hovedinnhold Gå til søk

Kyllingfrikassé

Hønsefrikassé har lange tradisjonar i Noreg. Her er min variant, med kylling. Det er triveleg å samle familien rundt ei gryte, og dele eit rustikt måltid.

Foto: Mette Møller

Du treng

  • 6 kyllingbryst
  • 1 l vatn
  • 1-2 ts salt
  • 3 gulrøter
  • 2 persillerøter
  • 2 lauk

    Saus

  • 4 ss smør
  • 2 ss kveitemjøl
  • Kokekrafta
  • 2 dl H-mjølk
  • Salt   

    Ekstra grønsaker

  • 6 selleristenger
  • Bladpersille

    Slik gjer du

  1. Kok opp 1 liter vatn og 1-2 ts salt
  2. Skjær gulrøter og persillerøter i skiver, og lauk i båtar. Tilset grønnsakene. Når vatnet kokar godt legg du oppi heile kyllingfiletar. Skru ned varmen, og la det trekke i 10-15 minutt og kyllingen er gjennomkokt.
  3. Hugs å skumme av!
  4. Sil av krafta. Lag ein kvit saus av smør, kveitemjøl og kraft. Smak om du treng meir salt.
  5. Skjær den kokte kyllingen i pene bitar. Ha så kyllingbitane og alle grønsakene over i den kvite sausen og tilsett mjølk. La det trekke i 5 minutt.
  6. Tilsett stongselleri skore i små bitar og la sellerien trekke i 2-3 minutt. Ha så i ertene og la dei bli varme.
  7. Strø over hakka bladpersille ved servering.

Foto: Mette Møller