Du teng
- 8 store jordskokkar
- 4 dl H-mjølk
- Salt
- 1 dl fløyte
- Urteolje
- Aure, smørsteikt
- Rista sopp
- Vellagra ost
Slik gjer du
- Jordskokkane vaskast og bakast i omn på 200 grader til dei er møre. Dette tek i alle fall 40 minutt.
- Del jordskokkane i to og ta ut alt kjøttet med ei skei. Vær nøye, så du får med alt.
- Kok opp mjølk, og ha i jordskokkinnmaten. Køyr i kjøkenmaskin til en glatt og fin supe.
- Ha supa attende i kjelen, og smak til med salt og fløyte.
- Server supa som ho er, med nokre drypp ramslaukolje eller anna urteolje om du har. Det er også godt med smørsteikt aure og rista sopp. På bilete er det også litt reve Holtefjell-ost.
- Ikkje kast jordskokkskallet. Det kuttar di i bitar og turkar i omn på 100 grader til det vert sprøtt. Det blir eit godt tygg ved sidan av supa.