Gå til hovedinnhold Gå til søk

Heimelaga is 

Mange trur det er vanskeleg å lage iskrem. Denne oppskrifta har eg fått hjå kamerat og kollega Lars Lian. Det fine her er at ein ikkje treng ismaskin. 

Foto: Mette Møller

No om vinteren kan vi lage is slik dei gjorde før. Vi kan bruke snøgrop ut i vinterkulda. Du må lage ei grop som passar med forma du skal fryse isen i. For å skape ei skikkeleg kulde i gropa, blandar du ein del salt ned to delar snø og is og legg ned i gropa. Da blir det ordentleg kaldt. Dekk til med lokk så det ikkje dett noko ned i isen. Så må du røre i isen av og til. Etter tre til seks timar er isen ferdig.

Du treng

  • 6 eggeplommer
  • 1 ½ dl sukker
  • 1 ½ dl kremfløyte
  • 1 plate gelatin
  • 5 dl kremfløyte

    Slik gjer du

  1. Ha eggeplommer, sukker og fløyte i ein kjele. Sett kjelen på svak varme, og pisk under oppvarming til blandinga når kokepunktet. Ta kjelen av varmen.
  2. Sil blandinga. Bløyt gelatinen i kaldt vatn. Medan blandinga enda er varm, tilset du gelatin.
  3. Tilset smakstilsetinga du ynskjer – Avkjøl
  4. Pisk 5 dl fløyte til krem. Vend kremen inn i eggeblandinga og frys isen i tre til seks timar i ei avlang form.

    Ulike smakar

Krekling

Fleire småprodusentar har starta med produksjon av kreklingsirup. Tilset 1 dl i eggeblandinga før den avkjøles.

Vanilje

Splitt 1 vaniljestang og skrap ut frøa. Ha frøa og sjølve vaniljestanga i eggeblandinga frå starten av. Ta ut vailjestanga før blandinga blir sila.

Bringebær

Køyr sukker og bær i ein blender til ein jamn masse og sil av. Til denne oppskrifta treng du ca. 2 dl. Bland denne inn i eggeblandinga før den avkjøles.