No om vinteren kan vi lage is slik dei gjorde før. Vi kan bruke snøgrop ut i vinterkulda. Du må lage ei grop som passar med forma du skal fryse isen i. For å skape ei skikkeleg kulde i gropa, blandar du ein del salt ned to delar snø og is og legg ned i gropa. Da blir det ordentleg kaldt. Dekk til med lokk så det ikkje dett noko ned i isen. Så må du røre i isen av og til. Etter tre til seks timar er isen ferdig.
Du treng
- 6 eggeplommer
- 1 ½ dl sukker
- 1 ½ dl kremfløyte
- 1 plate gelatin
- 5 dl kremfløyte
Slik gjer du
- Ha eggeplommer, sukker og fløyte i ein kjele. Sett kjelen på svak varme, og pisk under oppvarming til blandinga når kokepunktet. Ta kjelen av varmen.
- Sil blandinga. Bløyt gelatinen i kaldt vatn. Medan blandinga enda er varm, tilset du gelatin.
- Tilset smakstilsetinga du ynskjer – Avkjøl
- Pisk 5 dl fløyte til krem. Vend kremen inn i eggeblandinga og frys isen i tre til seks timar i ei avlang form.
Ulike smakar
Krekling
Fleire småprodusentar har starta med produksjon av kreklingsirup. Tilset 1 dl i eggeblandinga før den avkjøles.
Vanilje
Splitt 1 vaniljestang og skrap ut frøa. Ha frøa og sjølve vaniljestanga i eggeblandinga frå starten av. Ta ut vailjestanga før blandinga blir sila.
Bringebær
Køyr sukker og bær i ein blender til ein jamn masse og sil av. Til denne oppskrifta treng du ca. 2 dl. Bland denne inn i eggeblandinga før den avkjøles.