Gå til hovedinnhold Gå til søk

Byggotto

Ein vri på den italienske retten: Risotto, men med byggryn og øl. Oppskrifta er frå Spiis godt med Arne Brimi og er beregna 4 porsjonar.

Byggotto med øl. Foto: Mette Møller

Du treng

  • 2 dl byggryn
  • 7 dl kyllingkraft (alternativt 4 dl vatn og 1 flaske ljost øl 0,33l)
  • Salt
  • 2 ss mør
  • 1 dl fløyte
  • Vellagra ost – for eksempel Holtefjell
  • Sopp

    Slik gjer du

  1. Kok byggryna fyrst knapt møre i krafta. Kok i 20-25 min eller til det er kokt inn. Rør jamleg
  2. Dersom du vil bruke vatn og øl kokar du fyrst gryna i lettsalta vatn i rundt 15 minutt, før du har i øler. La ølet koke. Rør jamleg.
  3. Ha i fløyten, og rør den inn. Smak om du treng ekstra salt.
  4. Ta byggottoen av varmen, rør inn smør og reve ost.
  5. Server med smørsteikt sopp, eit dryss ost og bladpersille.