Gå til hovedinnhold Gå til søk

Blåskjellgryte

For mange høyrer blåskjel til på sommarmenyen, men dei beste blåskjela får du på vinteren. Da er dei på sitt mest kjøttfulle og smakfulle.

Foto: Mette Møller

Du treng

  • 2 kg blåskjell
  • 2 sjalottlauk
  • 1 fennikel
  • 3 dl kvitvin
  • 6-7 stilker timian
  • Fløyte
  • Graslauk

Slik gjer du

  1. Skyl og vask blåskjella i kaldt vatn. Kast skjella som ikkje let seg att om du kakkar forsiktig på dei. Kast også dei som er skada.
  2. Finhakk lauken og kutt fennikel i terningar
  3. Kok opp vin, timian, sjalottlauk og fennikel i ein romsleg kjel. La det koke nokre minutt til fennikelen er møyr.
  4. Ha i blåskjella. Legg på lokk og damp nokre minutt, til skjella opnar seg.
  5. Ta ut skjella, og tilsett like mykje fløyte som det er kraft i kjelen. Kok opp og kok til sausen er passe tjukk.
  6. Tilset blåskjella og vend dei forsiktig inn i sausen. Strå over rikeleg med finhakka graslauk før servering.