Gå til hovedinnhold Gå til søk

Annas formkake med appelsin og sjokolade 

Ei god formkake er lett å laga om du har ei god oppskrift, og smakane kan varierast i det uendelege. I denne oppskrifta har dotter mi Anna laget to variantar av den klassiske formkaka. Ei med appelsin og ei med appelsin og sjokolade.

Annas formkake med appelsin og sjokolade

Du treng

  • 250 g romtemperet smør
  • 250 g sukker
  • 250 g mjøl
  • 1 ts bakepulver
  • 1 ts vaniljesukker
  • 5 egg

Smakstilsetning

  • 2 appelsinar
  • Ca. 50 g kokesjokolade

Glasur

  • Melis
  • Appelsinsaft

Slik gjer du

  1. Visp egg og sukker kvitt.
    Tips frå Anna: Bruk gjerne K-stav når du visper for betre resultat. Sørg for at sukkeret er godt oppløyst i smøret, og press smør og sukker ned frå kantane, slik at du får vispa alt godt.
  2. Når smøret er kvitt og luftig, tilset du eitt og eitt egg medan det rører.
  3. Tilset dei tørre ingrediensane. Ikkje røyr for lenge, det skal berre blandast godt inn.
    Tips frå Anna: Tilsett litt og litt av mjølblandinga mellom egga slik at deigen ikkje skil seg.
  4. Riv appelsinskal frå to appelsinar for ekstra god appelsinsmak. Ikkje riv ned til det kvite, da dette er bittert.
  5. Press ut safta frå den eine appelsinen. Tilsett appelsinskal- og saft i deigen, og bland godt.
  6. Fordel halvparten av deigen i éi form. Tilsett grovhakka kokesjokolade i resten av deigen. Bland dette godt, og fordel resten av deigen i den andre forma.
  7. Steik kaka på 150 grader på varmluft eller over og undervarme i ca. 30-45 minutt.
  8. Medan kaka steikjer kan du laga glasuren. Røyr saman melis og appelsinsaft.
  9. Smør på eit godt lag med glasur på kaka og kos deg.