Gå til hovedinnhold Gå til søk

Lammegryte på tur 

Påskelammet kan med hell nytes ute på tur, gjerne rundt eit knitrande bål. Her er det fint å bruke restar av påskens lammesteik, saman med litt fersk lammefilet på pinne.  

Bilde av lammegryte i en turkjele.

Ta med deg lammerestane på tur. Foto: Mette Møller

Du treng

  • 400g restar av lammesteik
  • Nokre små lammebiffar
  • 4-5 sjalottlauk
  • Godt smør
  • Salt og pepar
  • Brød
  • Urtesmør

    Slik gjer du

  1. Skjær lammekjøttet i fine terningar, og grovhakk sjalottlauken.
  2. Ha kjøtt og lauk opp i ein bålkjele saman med ein god klatt smør, salt og pepar. La det frese opp.
  3. Fest små lammebiffar på pinnar, gni dei inn med salt og pepar og la dei surre oppi gryta til dei er rosa inni.
  4. Server straks biffane er klare, gjerne saman med nokre ferske brødskiver og urtesmør av rosmarin og timian.