Du treng
- 400g restar av lammesteik
- Nokre små lammebiffar
- 4-5 sjalottlauk
- Godt smør
- Salt og pepar
- Brød
- Urtesmør
Slik gjer du
- Skjær lammekjøttet i fine terningar, og grovhakk sjalottlauken.
- Ha kjøtt og lauk opp i ein bålkjele saman med ein god klatt smør, salt og pepar. La det frese opp.
- Fest små lammebiffar på pinnar, gni dei inn med salt og pepar og la dei surre oppi gryta til dei er rosa inni.
- Server straks biffane er klare, gjerne saman med nokre ferske brødskiver og urtesmør av rosmarin og timian.