Gå til hovedinnhold Gå til søk

Vianvangbrød

Arne Brimi lager mat på Viavnvang. Foto: Mette Møller

Du treng

  • 5dl lunka vatn
  • 25g gjær
  • 1ss salt
  • 2dl byggmjøl
  • 12dl kveitmjøl
  • Olivenolje
  • Maldonsalt

Slik gjer du

  1. Rør gjæren ut i lunka vatn og bland saman alle ingrediensane til ein smidig og glatt deig.
  2. Dekk deigen godt med plast eller kjøkenhandkle, og sett lunt til heving. Hev i rundt 40 minutt til dobbel storleik.
  3. Smør to langpanner eller eldfaste formar godt med olivenolje. Del deigen i to, og klem ut emna i former
  4. Hev på nytt i 10-15 minutt. Klem så deigen litt ned, og drypp på olivenolje. Strø over litt maldonsalt.
  5. Steik brøda nedst i omn på 220°C i om lag 25 minutt. Avkjøl på rist.