Du treng
- 100 g smør
- 2 dl sukker
- 4 dl kveitemjøl
- 2 ts bakepulver
- 1,5 dl mjøl
- 3 stk eple
- 2 ss sukker (til å strø over)
- 2 ts kanel
- 1 egg
Slik gjer du
- Rør smør og sukker kvitt og luftig.
- Rør så inn egget, deretter mjølka, kveitemjølet og bakepulveret til ein jamn og glatt deig, og hell deigen over i ei smurt form.
- Skrell epla. Ta ut kjernehusa og del dei i passe tjukke båtar. Dytt eplebitane godt ned i deigen, og la nokre bitar stikke opp på toppen. Strø over sukker og kanel.
- Steik kaka på 200 grader i omslag 45 minutt.