Du treng
- 2 kålhovud
- 6 dl vatn
- 3 dl eddik
- 3 dl sukker
- 1 stroken ms karve.
Slik gjer du
- Snitt kål i strimlar. Ha kålen over i ein vid kjele og ha på vatn, eddik, sukker og karve. Her er ikkje brukt så mykje karve, så bruk gjerne meir, men det er smak og behag.
- La kålen småkoka til han er møyr. Det tek 45-50 minutt. Smak til slik at du får surkålen passe sur/søt.