Gå til hovedinnhold Gå til søk

Sprø kyllingpanne

Dette er ein enkel måte å lage god kylling på. Her treng du ikke å vere redd for å bruke for mykje pepper! Server gjerne med ein frisk, sprø salat.

Foto: Mette Møller

Du treng

  • 1 heil kylling
  • Salt og peppar
  • 5-6 nypoteter i båtar
  • Olivenolje
  • Frisk timian

    Slik gjer du

  1. Del opp kyllingen i passe store porsjonstykke og gni stykka inn med mykje salt og peppar. Når du tykkjer du har pepra for mykje, så peprar du lit til.
  2. Legg kyllingen så i ei steikjepanne saman med potetbåtane, og hell over rikeleg med olje.
  3. Sett panna i ovnen på 180°C og la den stå i minst 40 minutt. Da blir kyllingen pent lysebrun. Ikkje snu kyllingen undervegs.
  4. Ta ut steikepanna, dryss godt med frisk timian og middagen er ferdig.