Du treng
- 1 heil kylling
- Salt og peppar
- 5-6 nypoteter i båtar
- Olivenolje
- Frisk timian
Slik gjer du
- Del opp kyllingen i passe store porsjonstykke og gni stykka inn med mykje salt og peppar. Når du tykkjer du har pepra for mykje, så peprar du lit til.
- Legg kyllingen så i ei steikjepanne saman med potetbåtane, og hell over rikeleg med olje.
- Sett panna i ovnen på 180°C og la den stå i minst 40 minutt. Da blir kyllingen pent lysebrun. Ikkje snu kyllingen undervegs.
- Ta ut steikepanna, dryss godt med frisk timian og middagen er ferdig.