Gå til hovedinnhold Gå til søk

Småpizza med gode oster

Eit brett med forskjellige pizzaer er stas å servere både til liten og stor.

Foto: Mette Møller

Du treng

  • Ostar f.eks: Kraftkar frå Tingvollost, Edel blå frå Gangstad Gardsysteri, vellagra Jarlsberg, Rød Kjerringøy og norsk chèvre frå Haukeli
  • Sopp f.eks traktkantareller.
  • Bakt paprika
  • Cherrytomater
  • Rømme
  • Basilikumpuré

Til pizzadeig

  • 25 g gjær
  • 3 dl vatn
  • 1 dl olje
  • 1 toppet ts salt
  • Ca. 800 g kveitemjøl

Slik gjer du

  1.  Bland ut gjæren med litt lunka vatn og bland saman det tørre.
  2. Bland alle ingrediensane i ei kjøkenmaskin i 5 minutt, la så deigen heve i 30 minutt.
  3. Kjevle deigen til ein stor pizza eller fleire små porsjonspizzaer.
  4.  Pynt med det du likar. Tomatsaus er ofte ein god start. Eg plar å gjere det slik: 
  • Pizza 1: Pyntar eg med Chèvre og traktkantareller.
  • Pizza 2: Pyntar eg med vellagra ost, eller Ridderost og cherrytomatar delt i to.
  • Pizza 3: Pyntar eg berre med blåmuggost.
  • Pizza 4: Pyntar eg med vellagra Jarlsberg eller Ridderost, bakt paprika i strimlar, ein saus med rømme og basilikumpuré  og spekepølsar i tynne strimlar.

Småpizza med gode oster. Foto: Mette Møller