Du treng
- Ostar f.eks: Kraftkar frå Tingvollost, Edel blå frå Gangstad Gardsysteri, vellagra Jarlsberg, Rød Kjerringøy og norsk chèvre frå Haukeli
- Sopp f.eks traktkantareller.
- Bakt paprika
- Cherrytomater
- Rømme
- Basilikumpuré
Til pizzadeig
- 25 g gjær
- 3 dl vatn
- 1 dl olje
- 1 toppet ts salt
- Ca. 800 g kveitemjøl
Slik gjer du
- Bland ut gjæren med litt lunka vatn og bland saman det tørre.
- Bland alle ingrediensane i ei kjøkenmaskin i 5 minutt, la så deigen heve i 30 minutt.
- Kjevle deigen til ein stor pizza eller fleire små porsjonspizzaer.
- Pynt med det du likar. Tomatsaus er ofte ein god start. Eg plar å gjere det slik:
- Pizza 1: Pyntar eg med Chèvre og traktkantareller.
- Pizza 2: Pyntar eg med vellagra ost, eller Ridderost og cherrytomatar delt i to.
- Pizza 3: Pyntar eg berre med blåmuggost.
- Pizza 4: Pyntar eg med vellagra Jarlsberg eller Ridderost, bakt paprika i strimlar, ein saus med rømme og basilikumpuré og spekepølsar i tynne strimlar.