Gå til hovedinnhold Gå til søk

Skrylle og krumkaker

For mange blir det ikkje jul utan skikkelege krumkaker på kaffibordet. Denne varianten blir kalla «skrylle» i Ottadalen, og blir laga med kremfløyte.

Foto: Mette Møller

I ottadalen skil vi mellom krumkaker og skrylle. Tradisjonelt har oppskrifter med egg vorte krumkaker, og oppskrifter med fløyte vorte skrylle. Her har du oppskrift på skrylle.

Du treng

  • ½ l kremfløyte
  • 4 ss sukker
  • 4 dl kveitmjøl
  • 1 ss vaniljesukker 

Slik gjer du

  1. Pisk fløyten til krem.
  2. Rør sukker, kveitemjøl og vanilje inn i kremen.
  3. Steik kakene gyllenbrune i eit krumkakejarn.
  4. Form til kremmarhus medan dei er varme.