Gå til hovedinnhold Gå til søk

Rypesupe

Når eg servar mi klassiske rupesupe, får gjestane berre eit glas kaldt fjellvatn til. Ingenting skal få prege smaken av natur og fjell som rypa som elegant formidlar.

Du treng

  • 1l rypekraft
  • 1 kopp tørka sopp, i små bitar
  • 1 gulrot, i terningar
  • 1 bit sellerirot, i terningar
  • 2 sjalottlauk
  • 1 liten lauk
  • 2 dl fløyte
  • 2 dl rømme

Slik gjer du

  1. Kok opp kraft og grønnsaksterningar. Rør inn fløyte og rømme og la det koke inn til rundt 1 liter. Altså same mengde som før det vart tilsett fløyte og rømme.
  2. Sil av grønsaker og sopp. Smak til supa med salt. Server med små terningar av rypebryst og nokre tytebær.