Til seks porsjonar treng du
- 900 g reinskore ytrefilet av rein
- Smør
- 2 ts salt
Saus
- 1 ss demerarasukker
- 3 ss bringebæreddik
- 6 dl kraft
- 4 dl kremfløyte
- 3 ss smør
- salt
Fløytekokte, gratinerte poteter
- 600 g skrelte poteter
- 1 finskore lauk
- 3 dl lauk
- 3 dl mjølk
- 1 ts salt
- 1/2 ts kvit peppar
Slik gjer du
- Brun fileten i smør i varm panne og krydre med litt salt.
- Sett fileten i steikeomn på 225°C til kjøttet svulmar opp og blir fast. Det tek 5-8 minutt.
- La kjøttet kvile på eit kaldt brett i 10 minutt. Rett før servering setter du kjøttet attende i omn i 2-4 minutt. La det så kvile før oppskjæring.
Saus
- Smelt sukkeret forsiktig i ein kjel, tilsett eddiken og la det koke litt før du heller i kraft og fløyte.
- Kok 5-6dl. Pisk så inn 2-3ss kaldt smør og smak eventuelt til med salt.
Fløytekokte, gratinerte poteter
- Varm opp steikeomn til 225°C.
- Kutt potetane i terningar og ha dei i ein kjel saman med lauk, rømme, mjølk, salt og peppar. La det koke møyrt.
- Ha blandinga over i ei eldfast form og sett i steikeomn i rundt 10 minutt, til gratengen får ein gyllen overflate.
- Server reinsdyrfileten i fine skivar med smørsteikt sopp og saus rundt. Server potetane ved sidan av.