Gå til hovedinnhold Gå til søk

Lutefisk

Lutefisk er ein del av våre eldgamle norske matkultur, og er for mange ein viktig del av førjulstradisjonane.

Foto: Mette Møller

Frå dei som kom før oss har vi ei nedarva redsle for at alt som vart kokt og steikt, ikkje skulle vera kokt og steikt nok. Dei fleste råvarene er skjøre slik sett, og spesielt lutefisken – det kunne lett bli full oppløysing i kjelen. I dag veit dei fleste betre, men hugs: Det er betre med eitt minutt for lite i varmen enn eitt minutt for mykje.

Tips

Å kjøpa god lutefisk er ofte krevjande. Aller helst bør ein finna seg ein ferskvaredisk, der fisken ikkje ligg i vakuum. Og kor mykje skal ein rekna per person? Gamle Raadhus, den legendariske restauranten i Oslo, reknar gjerne 700 g. Det er mykje avskjer.

Du treng

  1. Ca. 700 g fisk per person
  2. Salt
  3. Server med det du likar best

Slik gjer du

  1. Legg lutefiskstykka med skinnsida ned i ei langpanne. Dryss over rikeleg med salt, dvs. meir enn om du skal salta annan fisk.
  2. La stå til du ser at lutefisken slepper ein del vatn. Slå vatnet av.
  3. Set så langpanna i omn på 220 0 C. Når fisken vil flaka seg ved eit lett trykk, er han klar.
  4. Sjølvsagt vil eg ha bacon, ertepuré, gode poteter – og lefse til. Andre vil ha brunost, honning osv. Det er spanande å tenkja på korleis slike vanar og tradisjonar oppstår. Bruk det du likar best ved sida av.