Gå til hovedinnhold Gå til søk

Karamellpudding

Karamellpudding er ein klassikar som alltid vert vellukka. Det er ikkje mykje som slår ein klassisk og heimelaga karamellpudding.  

Du treng

  • 0,5 l heilmjølk
  • 100 g sukker
  • 5 heile egg
  • ½ vaniljestong
    Karamellsaus
  • 100g sukker
  • 1 dl vatn

    Slik gjer du

  1. Kok forsiktig opp mjølk, sukker og vanilje. Stong og trekk kjelen til side.
  2. Rør egga lett saman i ein bolle, og slå den varme mjølka opp i egga litt og litt medan du rører. Sil blandinga til slutt.
  3. Smelt sukkeret til karamell, og ha i litt vatn og kok ut så du får ein ganske tjukk og god karamellsaus. Viss du vil gjera det enklare, kan du godt bruka ein ferdigkjøpt karamellsaus.
  4. Hell karamellsaus i botnen av ei brødform, og hell mjølke- og eggeblandinga over. Set forma i vassbad; vatnet skal stå om lag 1 cm opp i forma.
  5. steik i omn (gjerne varmluft) på 100-110 grader i rundt 1 time. Du veit at karamellpuddingen er ferdig når du kan stikka ein kniv i han og bryta puddingen litt til side slik at karamellsausen flyt opp. Viss ikkje sausen flyt opp, må han stå litt til.
  6. La karamellpuddingen kvila i forma i minst 3 timar før du skjer med ein kniv rundt kanten og snur han.