Gå til hovedinnhold Gå til søk

Gullkake

Denne kaka baker eg når noko skal feirast, men den passar også fint om du berre vil kosa deg litt ekstra.

Foto: Mette Møller

Du treng

Bunn

  • 6 egg
  • 200 g sukker
  • 200 g kveitemjøl
  • 1 ts bakepulver
  • 1 dl mjølk

Krem

  • 0,5 dl jordbærsyltetøy
  • 1 l kremfløyte

Topping

  • 1 dl jordbær
  • 1 dl blåbær
  • 1 dl bringebær

Slik gjer du

  1. Pisk eggedosis, og vend inn mjøl og bakepulver. Dekk ei springform (26 cm) med bakepapir, og hell i røyra.
  2. Steik på 185 grader i om lag 40 minutt, til sukkerbrødet slepp kanten av formal. Avkjøl.
  3. Del sukkerbrødet i tre, og dynk kvar del med litt mjølk.
  4. Pisk krem. Bland litt syltetøy i litt av kremen, smak til så kremen blir passe søt og god, og fyll krem mellom laga. Avslutt med mykje krem på toppen og rikelig med friske bær.