Gå til hovedinnhold Gå til søk

Gløgg

Lag rikeleg med gløgg. Inviter vener innom. Pass på at du har nokre julekaker og. Det er ein fenomenal kombinasjon.

Foto: Mette Møller

Du treng

  • 200 g bringebær
  • 200 g blåbær
  • 200 g sukker
  • 6 dl vatn
  • 4 stjerneanis
  • 6 einebær, sjølvplukka
  • Eventuelt norsk sider

    Slik gjer du

  1. Ha alle ingrediensane i ein kjele. Kok opp og la det småputre i 30 minutt.
  2. Sil av og smak til, eventuelt med meir vatn eller sukker. 
  3. Server varm, gjerne toppa med gode norske boblar frå flaske.