Du treng
- 2 lammebogar
- 1 stort kålhovud
- ein neve heile pepparkorn
- 2 ss salt
- Litt mjøl
- Vatn
Slik gjer du
- Del opp kjøtt og kål i passe store bitar, og legg dette lagvis i ein stor kjele med peparkorn og salt mellom kvart lag. Start med de feitaste kjøtstykka nedst.
- Vil du ha ein litt fyldigare saus, kan du ha i litt mjøl mellom kvart lag.
- Fyll opp med vatn til det dekker. Kok opp under lokk og la fårikålen koke til kjøtet løyser frå beinet. Sjekk etter Ca. 2 timer.
- Fårikålen kan gjerne stå og kvile litt før servering, og den smaker faktisk enda betre dagen etter.
Vi må ikkje gløyme den enkle måten å laga mat på.