Gå til hovedinnhold Gå til søk

Crème Brûlée med G35

Crème Brûlée med G35 Gudbrandsdalsosten bur i Gudbrandsdalen og er med på Vianvang kvar kveld vi har gjestar. Her er ein variant av min favorittdessert med G35.

Foto: Mette Møller

Du treng

  • ½ liter kremfløyte
  • ½ liter mjølk
  • 3 dl sukker
  • 1 vaniljestang
  • 7-8 eggeplommar (140g)
  • 200 g G35

Slik gjer du

  1. Kok opp fløyte, mjølk, sukker og ei splitta vaniljestong. Rør så inn osten slik at den smeltar inn i fløytemjølka.
  2. Ha i eggeplommane i ein bolle. Hell over ei ause med kokt fløytemjølk, og rør saman. Ha deretter eggeblandingen over i resten av den kokte mjølkeblandingen og rør godt.
  3. Nå har du røre til ein eggekrem. Sil røra, og ha den over i egna formar. Steik på 100 °C i 20-30 minutt. Når eggekremen har stivna er den ferdig.
  4. La den ferdigsteikte porsjonsdessertane stå minst ein time. Dryss over eit godt lag med sukker, helst brunt røyrsukker, og brenn forsiktig sukkeret med ein gassbrennar eller under grillen i steikeovnen.