Du treng
- ½ liter kremfløyte
- ½ liter mjølk
- 3 dl sukker
- 1 vaniljestang
- 7-8 eggeplommar (140g)
- 200 g G35
Slik gjer du
- Kok opp fløyte, mjølk, sukker og ei splitta vaniljestong. Rør så inn osten slik at den smeltar inn i fløytemjølka.
- Ha i eggeplommane i ein bolle. Hell over ei ause med kokt fløytemjølk, og rør saman. Ha deretter eggeblandingen over i resten av den kokte mjølkeblandingen og rør godt.
- Nå har du røre til ein eggekrem. Sil røra, og ha den over i egna formar. Steik på 100 °C i 20-30 minutt. Når eggekremen har stivna er den ferdig.
- La den ferdigsteikte porsjonsdessertane stå minst ein time. Dryss over eit godt lag med sukker, helst brunt røyrsukker, og brenn forsiktig sukkeret med ein gassbrennar eller under grillen i steikeovnen.