Du treng
- 200 g smør
- 200 g sukker
- 1 ms lys sirup
- ½ ts kanel
- 1 ts vaniljesukker
- 1 ts natron
- 300 g kveitemjøl
Til dryss:
- 1 egg
- Nokre mandlar
- Litt sukker
Slik gjer du
- Rør smør og sukker godt saman, og bland inn sirup og det tørre. Del deigen i seks emne og trill dei ut til pølser. Trykk dei til flate stenger på ei plate dekt med bakepapir. Stengene skal vera ca. 4 cm breie.
- Pensle med egg og strø over hakka mandlar og litt sukker. steik på 1700 C i 10-12 minutt på midtarste rilla.
- Skjer stengene på skrå medan dei er varme, avkjøl på rist.