Gå til hovedinnhold Gå til søk

Blåbærsorbet med karamelliserte nøtter

Ein frisk dessert som høver no om når du kan ut og plukke deg ferske blåbær.

Foto: Mette Møller

Du treng

Slik gjer du

Blåbærsorbet

  1. Kok opp blåbær, vin og sukker og la det koke til bærene har safta seg.
  2. Sil av, og hell blandinga over i ein frysekald bolle og sett i frysaren. Ta ut blandinga kvart 5 minutt og rør om og fortsett med det til du får rett sorbet-konsistens..
  3. Form sorbeten til passe store kular med ei iskjei eller ei spiseskei, og server straks med strø av knust karamelliserte nøtter over.

Karamelliserte nøtter

  1. Ha knuste valnøtter og pistasienøtter i ei varm tørr panne, strø over litt sukker og rist dei i omtrent eit minutt.
  2. Strø over litt meir sukker, rør rundt og rist på nytt. Ha til slutt i ein klatt smør og rør til karamell.
  3. Avkjøl dei karamelliserte nøttene på eit bakepapir.