Gå til hovedinnhold Gå til søk

Aurefilet med enkel smørsaus

Har du fått tak i ein stor aure, eller laks, så del filetane opp i rause stykker og server dei nesteikte saman med god kål og ein eineståande smørsaus.

Foto: Mette Møller

Du treng

  • 1 stor aure/laks
  • Olje og smør til steiking
  • Salt og pepper
  • 1 dl god eplesaft (for eksempel Ringi)
  • 300 g kaldt smør
  • Persille og estragon

Slik gjer du

  1. Fileter fisken slik at den både er skinn- og beinfri. FILM? Og skjær fileten i like store serveringsstykke. Ca. 250 gram per pers.
  2. Steik fisken på middels varme i olje og smør. Steik me den sida som skinnet satt på ned og steik til fisken er nesten gjennomsteikt. Ikkje snu. Ta fisken ut av panna og la den kvile.
  3. Lag smørsausen ved å koke opp eplesaft, ta kjelen til side og pisk inn kaldt smør i terningar. Smak til med litt salt og sitronsaft.
  4. Server den nysteikte auren på ei seng av kål kokt i smørvatn. Strø over rikeleg med hakka urter og hell på den lune smørsausen til slutt.