Gå til hovedinnhold Gå til søk

Kveitkaku

Kveitkaku – eller som andre seier: Julekake.

Foto: Mette Møller

Dette treng du

  • 1 kg kveitemjøl
  • 200 g sukker
  • ½ ts kardemomme
  • 150 g smør
  • 6 dl mjølk
  • 50 g fersk gjær
  • 150 g rosiner
  • 1 egg til pensling

Slik gjer du

  1. sikt mjølet i ein bolle. Ha i sukker og kardemomme.
  2. Smuldre i smøret. Rør gjæren ut i lunka mjølk.
  3. Rør denne blandinga inn i mjølet. Elt deigen godt og set til heving.
  4. Elt så inn rosiner. Del deigen i 3 like delar og bak ut runde kaker. Hev godt.
  5. Pensle med eit egg som er piska med litt vatn.
  6. Steik i forvarma steikjeomn på 180 grader i om lag 1 time.
  7. Server med smør og raudost på!