Gå til hovedinnhold Gå til søk

Kalvsteik med rotgrønnsaker

Får du ikkje tak i godt kalvekjøtt, kan oppskrifta brukast også til svinenakke.

Arne Brimi lager mat på Viavnvang. Foto: Mette Møller *** Local Caption ***

Du treng

  • 1kg kalveentrecôte, eller kalverygg
  • 100g spekeskinke
  • 4 persillerøter
  • 4 gulrøter
  • 2 lauk
  • 1 kålrot

Slik gjer du

  1. Bind opp kalvekjøttet. Varm ei gryte, og brun kjøttet pent i smør.
  2. Skjær spekeskinke i terningar, og steik dei raskt i ei panne. Kutt grønsakene i grove bitar
  3. Legg grønsakene rundt kjøttet i gryta, og strø over spekeskinketerningane. Varm heile gryta på plata, og sett den så i omn på 200°C med eit steiketermometer i kjøtet.
  4. Ved 60-62°C er kjøttet ferdig. Brukar du svinenakke, må den steikast til minst 72°C-
  5. La kjøttet kvile før servering, minst 20 minutt.
  6. Server med urterømme