Sprø kyllingpanne
Du treng
- 1 heil kylling (ca. 2 kg)
- salt og peppar
- 5-6 nypoteter, i båtar
- olivenolje
- frisk timian
Ein enkel måte å laga god kylling på, og ikkje vêr redd for å bruka mye peppar! Serverast med ein frisk, sprø salat.
Slik gjer du
- Del opp kyllingen i passe store porsjonssykker, og gni stykka inn med mykje salt og peppar, såg ta litt til! Legg kyllingen i ei steikepanne saman med potetbåtene, og hell over rikelig med olivenolje.
- Sett panna i ovnen på 180 °C og la han stå i minst 40 minutt til kyllingen er pent lysebrun. Ikkje snu på kyllingstykka undervegs.
- Ta ut steikepanna, dryss godt med frisk timian over kyllingen og middagen er ferdig.