Taking too long? Close loading screen.

Småkaker av fisk i lefse

Dette er ein av småsmakene gjestene på Vianvang ofe får servert når dei vert teken imot på tunet.

Du trenger

  • kald bakt aure/eller anna rød fisk
  • salatblader
  • 3 dl seterrømme
  • 2 ss finhakka dill
  • 2 ss finhakka gressløk
  • 2 ss lodderogn
  • nykvernet peppar
  • ein klypa salt
  • 6 potetlomper eller tilsvarande lefse eller krotakaker

Slik gjer du

  1. Bland saman rømme, urter og lodderogn, og smak til med salt og peppar.
  2. Smør urterømmen utover lefsene. Legg på vaska og tørka salat og bit av fisk, rull saman og skjer i passande serveringtjukker.